Veidekke må betale tvangsmulkt

Veidekke skulle gjere tiltak innan 30. april i år for å redusere lukta frå verksemda i Kristiansund. Dei har ikkje gjennomført, og må betale tvangsmulkt.
Veidekke skulle gjere tiltak innan 30. april i år for å redusere lukta frå verksemda i Kristiansund. Dei har ikkje gjennomført, og må betale tvangsmulkt. Foto: Harald Oppedal, Wikimedia..

Veidekke i Kristiansund har ikkje gjennomført alle tiltaka som Statsforvaltaren sette som krav for å redusere lukta frå anlegget. Dei må betale tvangsmulkt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2022

Statsforvaltaren gjorde eit tilsyn ved verksemda 10. mai i år.

- Vi  fann at Veidekke ikkje har gjennomført tiltaka etter plana for å redusere utslepp av lukt, fortel Christian Dahl, fagleiar hos Statsforvaltaren.

Har gjennomført deler av tiltaka

Veidekke har fullført første del av tiltaka, som hadde frist 1. februar i år. Dei har bygd inn nedre del av siloanlegget, og laga eit avsug til ny reinsecontainer frå dette. To ståande bitumen-tankar er og kopla til den nye reinsecontainer, slik plana la opp til.  

– Veidekke skulle også bygge ei sluse der dei lastar asfalt til lastebilar. Dette andre tiltaket hadde frist 30. april i år. Slusa er ikkje bygd, seier Dahl.  

Tvangsmulkt

Statsforvaltaren varsla ei tvangsmulkt på 1,5 millionar kronar dersom tiltaka ikkje vart gjort. 

– Sidan Veidekke har gjennomført eit av tiltaka, vert mulkta no på 750 000 kroner. Brev om innkreving av pengane vil bli send til Veidekke 22. juni i år, seier Christian Dahl.