Kurs i habitattiltak i sjøaurebekkar

Kurs i habitattiltak i Averøy kommune. Foto: Geir Moen / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kurs i habitattiltak i Averøy kommune. Foto: Geir Moen / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Det blir gjennomført kurs for å forbetre gyte- og oppvekstområde i sjøaurebekkar 16.-17. september 2022. Kurset blir på Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta fredag 16. med praktisk del i Steinsvikelva i Volda kommune dagen etter.

Publisert 02.09.2022

Formålet med kurset er å gi deltakarane kompetanse i å planlegge og å gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak.

Kurset blir arrangert gjennom prosjektet "Mange bekkar små", som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Påmelding på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.