Kystskogkonferansen "Verdiskaping og klima" 12. - 13. september i Molde og Åndalsnes

Statsråd Sandra Borch med sterkt engasjement for tømmer som råstoff i sirkulærøkonomien. Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Stikkord for den vel gjennomførte konferansen er lokale verdikjeder, næringsnettverk, berekraft, sirkulærøkonomi, karbonlagring i skog, trelast og tilvekst, og karbonfangst og tømmerproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2022

Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. Mellom anna har vi tradisjonar for å lage møblar, skip, dører og vindauge av tre. I dag har vi eit godt regionalt næringsliv basert på råstoff frå skog. Men det rare er at råstoffet ikkje kjem frå vestlandsk skog, ofte ikkje frå norsk skog i det heile.

Skal vi auke bruken av tre i bygg på ein berekraftig måte, må vi også nytte høvet til å bruke kortreiste råvarer. Det er eit potensial for auka avverking i Norge og Møre og Romsdal, fordi skogen har høg produksjonsevne og tilveksten er svært god. Enda meir berekraftig blir det om vi lukkast med ombruk og gjenvinning av materiale.

Skog og sirkulærøkonomi

Konferansen handla om skogbruket sin plass i sirkulærøkonomien, der innovasjon og nyskaping spelar ei viktig rolle for trebruken i framtida. Lang levetid for alle produkt er eit viktig prinsipp for sirkulærøkonomien. Byggenæringa er eit viktig ledd i verdikjeda til tre, frå tømmer til ferdig bygg. Denne næringa har eit stort potensial for å kutte utslepp ved å bli betre på ombruk, gjenbruk og resirkulering av material.  

Samarbeid om skog- og trenæring

Kystskogbruket er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, statsforvaltarane og skog- og trenæring i kystfylka frå Agder til Finnmark. Felles mål er å løyse ut potensialet i skog- og trenæringa langs kysten. Konferansen blir halde årleg, og er retta mot politikarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar som ynskjer meir kunnskap om potensialet til skognæringa i det grøne skiftet, samt å delta i næringsutvikling basert på råstoff frå skogen.

Forankra i Regjeringa

På programmet var engasjerte politikarar, forskarar og næringsdrivande. Statsråd Sandra Borch understreka verdien som ligg i å utnytte potensialet i skogen, og ikkje minst potensialet i å vidareforedle meir norsk tømmer. Innlegget hennar stadfesta at innsatsen i kystskogbruket og fokuset til konferansen er godt forankra i Regjeringa.

Fekk innblikk i ulike produkt

Deltakarane fekk sjå produksjon av sengebotnar til Wonderland-senger laga hos Måndalen trevare, dei fekk høyre om den spektakulære bygginga av gondolstasjonen og Eggen restaurant, samstundes som dei fekk fleire lange glimt av den imponerande utsikten frå Nesaksla i Åndalsnes.

Skogkurs presenterte ein ny kalkulator som viser verdien ein går glipp av når skogen blir hogd for tidleg. Konsekvensane av for tidleg hogst viser seg å bli større i dei produktive skogane på kysten, til samanlikning med Austlandet. Dei siste 20 åra kan gran på Vestlandet doble volum og tredoble verdien. For tidleg hogst er også uheldig for skogen sin funksjon som karbonlager.

Konferansen ga verdifullt innsyn i verdikjeda til tre og tømmer på Vestlandet.

Sigbjørn Sørli (t.v.) hos Måndalen trevare i Rauma, som er spesialist på skreddarsydde treinnreiingar til mellom anna hotell og restaurantar. Til høgre Camilla Bersvendsen og Ole Bakke frå Skognæringa Kyst. Sigbjørn Sørli (t.v.) hos Måndalen trevare i Rauma, som er spesialist på skreddarsydde treinnreiingar til mellom anna hotell og restaurantar. Til høgre Camilla Bersvendsen og Ole Bakke frå Skognæringa Kyst. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal