16,3 millionar til skogbruket i Møre og Romsdal for 2015

Landbruksdirektoratet har løyvd 16,3 millionar til ulike skogtiltak i Møre og Romsdal for 2015. Til driftstilskot og tilskot til vegbygging er det løyvd 9,2 millionar, ei auke på 2,3 millionar frå 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2015

Til skogkultur og miljøtiltak er det også løyvd ei svak auke, og ramma for Møre og Romsdal for 2015 er 3,4 millionar. Vidare er det positivt at Møre og Romsdal med fleire takstprosjekt parallelt, har fått 3,75 millionar til skogbruksplanar og miljøkartlegging.

Med ei auke i løyvinga på 22 millionar nasjonalt for 2015, vert Regjeringa si satsing på skogbruket synleggjort med totalt 121 millionar. For Møre og Romsdal utgjer dette 6,15 millionar meir i 2015. Landbruksdirektoratet ønskjer fokus på skogsveg og at ein større del av tilskotsmidlane går til permanente investeringar. Landbruksdirektoratet held att 10 millionar av totalløyvinga, som Fylkesmennene kan søkje på utover året, om behovet kan dokumenterast.

Kontaktpersonar