Stor interesse for å drenere jordbruksjord

Det er stor interesse for å ta vare på jorda rundt om i fylket, ved å grøfte om att jordbruksjord. Den snøfattige og ganske tørre vinteren har gitt gode arbeidsforhold for grøftegraving, og mange har utnytta dette.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bønder i Møre og Romsdal har fått løyvt over 3,5 mill kr i tilskotsmidlar til drenering av tidlegare grøfta jord. Dette utløyser samla investeringar på over 20 mill kr til desse arbeida og det vil føre til fornya drenering på ca 3500 dekar.
Sjølv om tilskotet berre er kr 1000 pr daa, har det utløyst stor aktivitet. I 2013 var det innvilga 177 søknader, både på eiga jord og leigejord. Bøndene i Fræna kommune søkte om mest midlar. Den som reiser rundt i fylket no, kan rett som det er sjå at det skjer grøftearbeid.
Ordninga gjeld systematisk grøfting, slik som bildet viser, men også profilering, omgraving med skråstilte lag og opne grøfter. Kommunane får tildelt ei tilskotsramme frå Fylkesmannen, og det er kommunane som løyver tilskota innafor den tildelte ramma.
Dei seinaste 10-åra har det blitt gjennomført færre dreneringstiltak enn trongen har vore. Dette har tært på jordkapitalen, og ført til eit oppsamla dreneringsbehov.
Frå 2013 vart det innført eit tilskot til drenering av dyrka jord. Føremålet med tilskotsordninga er å betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, for å auke jordbruksproduksjonen. Det er også eit mål å redusere risikoen for erosjon og avrenning til vatn og vassdrag.
Med desse tiltaka bidreg bøndene til å nå dei nasjonale måla innan auka matproduksjon, reduserte klimagassutslepp frå landbruket og reduserte næringsutslepp til vatn og vassdrag.
Lenkjer
Aktuelt
3,5 mill tilskotskroner utløyser drenering av 3500 daa til ein verdi av ca 20 mill kroner