Vedtak knytt til felles reinseanlegg for Sula og delar av Ålesund kommunar var ikkje ulovleg

Statsforvaltaren har kome til at eit vedtak knytt til eit nytt avlaupsreinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune ikkje var ulovleg.

Publisert 17.01.2022

Lovlegheitskontroll

Sula kommunestyre gjorde i juni 2021 eit vedtak i saka som gjeld nytt felles avlaupsreinseanlegg for Sula og delar av Ålesund kommunar. I vedtaket godkjente kommunestyret eit forprosjekt, og avgjorde at kommunen går vidare med detaljprosjektering av eit felles avlaupsreinseanlegg i fjell på Kvasnes. Tre kommunestyrerepresentantar bad om lovlegheitskontroll av vedtaket, og saka blei oversendt til Statsforvaltaren hausten 2021.

Ikkje inhabile

Bakgrunnen for lovlegheitskontrollen var eit spørsmål om eit varamedlem som deltok i kommunestyremøtet og ein sakshandsamar i administrasjonen var inhabile. Inhabilitetsspørsmålet knytte seg i hovudsak til dei to sine moglege næringsinteresser. Det blei reist spørsmål om dei to kunne ha økonomiske interesser av å plassere reinseanlegget på Kvasnes heller enn i Langevåg. 

Statsforvaltaren skriv i sitt vedtak at dei aktuelle næringsinteressene under visse føresetnader kunne gje grunnlag for ei nærare habilitetsvurdering. Slike føresetnader var ikkje til stades i denne saka. Kommunestyret hadde i realiteten avgjort reinseanleggets lokalitet i 2018, og tok ikkje eit reelt val av lokalitet sommaren 2021. Dei aktuelle næringsinteressene gjorde seg då ikkje gjeldande i vedtaket som vi gjorde ein lovlegheitskontroll av.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument