Søknad om utsleppsløyve for Remetunnelane

Høyringsfrist:
31. desember 2022 23:59

Møre og Romsdal fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til både mellombels og permanent utsleppsløyve for Reme- og Remefjelltunnelen i Ålesund kommune.

Publisert 22.11.2022

Tunnelane skal oppgraderast med ei rekkje tiltak som skal betre trafikktryggleiken. Dette er tiltak som å strosse ut tunnelen for å auke breidda og høgda, etablere minimumsnaudfortau og etablere eit branntrygt system for avlaup og nye lys. Utsleppsleidningane som vert etablert i byggeperioden skal nyttast permanent etter anleggsfasen.

Søknad med vedlegg kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Ei uttale eller eventuelle kommentarar til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 31. desember 2022.

 

Høyringsfrist:
31. desember 2022 23:59

Kontaktpersonar