Søknad om utfylling ved Sighaug i Vanylven kommune

Høyringsfrist:
5. oktober 2022 23:59

MOWI ASA søkjer om løyve etter forureiningslova til å fylle ut i sjø ved gnr. 5 bnr. 12.

Publisert 05.09.2022

Dei skal fylle ut med om lag 115 000 fm3 massar frå mellom anna Stad skipstunnel for å utvide næringsarealet og leggje til rette for ei betre kai. Tiltaket er planlagd utført i 2024.

Søknaden med vedlegg kan lesast via lenkjene til høgre på sida.

Ei eventuell uttale til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvaltaren.no, innan 5. oktober 2022.

Høyringsfrist:
5. oktober 2022 23:59