Søknad om løyve til biogassanlegg i Hustadvika - Inge Hoemsnes

Høyringsfrist:
20. mai 2022 23:59

Inge Hoemsnes søkjer om løyve etter forureiningslova til å drive biogassanlegg på gnr/bnr 28/1 i Hustadvika kommune.

Publisert 25.04.2022

Anlegget søkjer om løyve til å motta 10 000 tonn avfall i året. Det skal nyttast 5 000 tonn husdyrgjødsel frå eigen gard, 3 000 tonn frå gardar i nærleiken og opp til 2 000 tonn fiskeslam per år. Det skal produserast biogass som skal nyttast til å generere straum. Bioresten skal nyttast som gjødsel på godkjend jordbruksareal.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar vert send til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan 20. mai 2022.

Høyringsfrist:
20. mai 2022 23:59

Kontaktpersonar

Dokument