Høyring vern av skogområde Aure og Tingvoll

Høyringsfrist:
23. mai 2022 23:59
Frå Li, Tingvoll. Foto: Øivind Leren.
Frå Li, Tingvoll. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren høyrer med dette vern av åtte nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Sju av områda har rik edellauvskog, tre av områda har kystfuruskog. Begge naturtypane er dårleg representerte i norske verneområde.

Publisert 25.03.2022

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda etter ordninga med friviljug vern av skog. Framlegget gjeld:

  • Berget naturreservat, Aure (931 daa)
  • Brattset naturreservat, Aure (814 daa)
  • Gammelseterlia naturreservat, Aure (1549 daa)
  • Krokvatnet naturreservat, Aure (utviding med 249 daa og endring av verneforskrifta)
  • Ringstad naturreservat, Aure (2391 daa)
  • Slettbakken naturreservat, Aure (1359 daa)
  • Vik naturreservat, Aure (886 daa)
  • Li naturreservat, Tingvoll (385 daa)

Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artar og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i landet.

Statsforvaltaren meiner at vern av desse områda har liten negativ verknad for skognæringa. Områda er dominert av lauvskog, og her er særleg ulike typar edellauvskog ein vil ta vare på. Det er planta og spreidd gran i fem av områda. Dette kan det bli aktuelt å ta ut etter eit vern.

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad. Det er laga utkast til verneforskrift for kvart av områda som vil regulere inngrep og aktivitetar.

Vanleg friluftsliv kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje normal ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 23.05.2022.