Oppstart med vern av verdfull skog

Høyringsfrist:
18. februar 2022 23:59
Alm. Foto: Egil Michaelsen.
Alm. Foto: Egil Michaelsen.

Statsforvaltaren melder oppstart av vern av 13 verdfulle skogområde. Alle områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern.

Publisert 13.01.2022

Det er skogeigarforeiningane Allskog og Norskog som har formidla tilboda. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artar og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i landet.

Totalt gjeld tilboda vel 10.300 daa spreidd i heile fylket som følgjer:

  • Vassendskreda-Blomneset i Osdalen, Volda
  • Raudeneset-Brokknesgjølet ved Norangsfjorden, Ørsta
  • Linderemmen ved Hjørundfjorden, Ørsta
  • Akslanakken ved Magerholm, Ålesund
  • Utviding av Ørnakken naturreservat i Brusdalen, Ålesund
  • Trongdalen i Brusdalen, Ålesund
  • Grisetlia i Innfjorden, Rauma
  • Setnesaksla i Isterdalen, Rauma
  • Skorgedalen i Rauma
  • Håhammaren i Eresfjord, Molde
  • Skarbekken-Slettet i Eikesdal, Molde
  • Li i Straumsnes, Tingvoll
  • Utviding av Brøskjalia naturreservat i Stangvik, Surnadal

Statsforvaltaren meiner at vern av områda har liten negativ verknad for skognæringa. Ti av områda er dominert av lauvskog, og her er særleg ulike typar edellauvskog ein vil ta vare på. I tre område er det mest furuskog, men mykje av dette ligg vanskeleg til for uttak. Det er planta og spreidd litt gran og sitkagran i nokre av områda. Dette kan det bli aktuelt å ta ut etter eit vern. Avverkinga i skogbruket i Møre og Romsdal gjeld i stor grad planta gran og noko furu på gode bonitetar. Vern av skog vil i liten grad omfatte slike område.

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 18.02.2022.