Søknad om utfylling i Kristiansund

Høyringsfrist:
23. januar 2022 23:59

Egersund Net AS, avd. Kristiansund søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling på Rensvikholmen, gnr. 137 bnr. 128.

Publisert 21.12.2021

Det skal fyllast ut over eit areal på om lag 295 m2 for å styrke sjøfronten på området og sikra han mot erosjon og gjera det mogleg å nytte areal som i dag er kuperte. Sjøbotnen der det skal fyllast ut, er forureina.

Søknadsdokument og rapport med sedimentanalysar kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.

Eventuelle uttaler eller kommentarar til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 23. januar 2022.

Høyringsfrist:
23. januar 2022 23:59