Oppstart med vern av verdfull skog i Aure

Høyringsfrist:
28. januar 2022 23:59
Raudrandkjuke. Foto: Asbjørn Børset.
Raudrandkjuke. Foto: Asbjørn Børset.

Grunneigarar i Aure tilbyr frivillig vern av sju skogområde. Statsforvaltaren meiner at dette er naturområde som er viktig å verne for framtida.

Publisert 16.12.2021

Tilboda kjem gjennom ordninga med frivillig vern i eit samarbeid med skogeigarforeininga Allskog. Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artane og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 % av skogarealet i landet.

Områda ligg langs fjorden på sørsida av Stabblandet, Ertvågsøya og Ringstadfjellet. Eitt av tilboda gjeld utviding av Krokvatnet naturreservat inne på Ertvågsøya. Totalt gjeld tilboda ca. 8.200 daa. Sjå kartvedlegg under.

Statsforvaltaren meiner at vern av områda har liten negativ verknad for skognæringa. Areala har mest lauvskog, og noko furuskog som ligg vanskeleg til for uttak. Det er planta og spreidd litt gran og sitkagran i nokre av områda. Dette kan det bli aktuelt å ta ut etter eit vern. Avverkinga i skogbruket i Møre og Romsdal gjeld i stor grad planta gran og noko furu på gode bonitetar. Vern av skog vil i liten grad omfatte slike område.

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel med meir ikkje vil være lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.

Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 28.01.2022.

Ringstadlia: Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ringstadlia. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.