Søknad om utfylling i sjø ved Eggesbønes

Høyringsfrist:
15. september 2021 23:59

Herøy kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 38 bnr. 301.

Publisert 13.08.2021

Dei ynskjer å fylle ut med om lag 40 000 m3 massar for å utvide næringsarealet i tråd med reguleringsplan. Tiltaket er planlagt utført frå seinhausten 2021 til tidleg i 2022.

Søknadsdokumenta med miljørapport kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Uttale eller kommentarar til søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 15. september 2021.

Høyringsfrist:
15. september 2021 23:59