Søknad om utfylling i sjø ved Sjukeneset i Sula kommune

Høyringsfrist:
22. august 2021 23:59

H I Giørtz Sønner AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 61 bnr. 142.

Publisert 13.07.2021

Fylling med fyllingsfot vil dekke eit areal i sjø på om lag 30 000 m2. Total mengde massar er berekna til 262 000 m3. Tiltaket vil utførast over nokre år, og er planlagt avslutta innan utgangen av 2025.

Søknadsskjema, miljørapport og gjeldande reguleringsplan for området kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida.

Eventuelle merknadar og kommentarar til søknaden sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 22. august 2021.