Søknad om tiltak i sjø ved Dalasundet, Kristiansund

Høyringsfrist:
25. juli 2021 23:59

Kristiansund kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, sprenging og utfylling i sjø i tilknyting til legging av sjøleidningar i Dalasundet.

Publisert 22.06.2021

Tiltaka omfattar mudring over om lag 400 m2 ved landtakspunkta, sprenging ved eitt av landtakspunkta og utfylling over eit areal på om lag 200 m2. Tiltaka skal etter plana utførast hausten 2021.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkje til høgre på denne nettsida.

Ei eventuell uttale eller kommentarar til tiltaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 25. juli 2021.

Høyringsfrist:
25. juli 2021 23:59