Søknad om utfylling ved Mjølstadneset i Herøy

Høyringsfrist:
30. juni 2021 23:59

Ulstein Marine Technology AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen gnr. 23 bnr. 39.

Publisert 28.05.2021

Dei ynskjer å fylle ut med om lag 6 300 m3 over eit areal på om lag 1 950 m2 for å utvide industriareal der det skal byggast ut i tråd med reguleringsplan. Tiltaket er planlagd utført i 2021.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida. Merk at dei måla som er oppgitt i søknadsskjemaet ikkje er riktige for gjenståande utfylling som det no søkjast om. Rette mål er 6 300 m3 og 1 950 m2.

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 30. juni 2021.

Høyringsfrist:
30. juni 2021 23:59

Kontaktpersonar

Dokument