Søknad om utfylling i sjø i Ørsta

Høyringsfrist:
30. mai 2021 23:59

Arctic Bioscience AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen gnr. 52 bnr. 2.

Publisert 03.05.2021

Dei skal fylle ut med om lag 12 000 m3 massar over eit areal på om lag 2 800 m2. Hensikta er å utvide landarealet for å etablere eit nytt industribygg. Tiltaket er planlagt utført sumaren og hausten 2021.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til tiltaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innen 30. mai 2021.

Høyringsfrist:
30. mai 2021 23:59

Kontaktpersonar

Dokument