Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om løyve til Silver Seafood AS i Molde kommune

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
16. april 2021 23:59

Fiskeforedlingsbedrifta Silver Seafood AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å sleppe ut taskekrabbeskal i Sjøvika ved verksemda sitt område på Midsund, gnr. 453 bnr. 9.

Publisert 12.03.2021

Dei ynskjer å sleppe ut 1000 tonn taskekrabbeskal som skal knusast ned til bitar på 2 x 2 cm, og maksimalt vil det sleppast ut 5 tonn per dag. Utsleppet vil ligge 100 meter frå land og på ei djupne på 40 m. Silver Seafood har frå før produksjon av fisk, sjøkreps og hummar på til saman 600 tonn.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 16.04.2021.

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
16. april 2021 23:59