Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Oppstart vern av skogområde

Høyringsfrist:
12. april 2021 23:59
Mot Molaupen. Foto: Øyvind Leren.
Mot Molaupen. Foto: Øyvind Leren.

Statsforvaltaren melder med dette oppstart av vern av nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

Publisert 08.03.2021

Områda er:

* Molaupen sør, Ørsta (utviding av Barlindneset naturreservat med 1.298 daa)

* Syltefjellet, Fjord (416 daa)

* Knausnakken, Vestnes (550 daa)

* Lerheim, Rauma (439 daa)

* Aspa, Tingvoll (123 daa)

* Gråura, Sunndal (utviding av eksisterande naturreservat med 320 daa)

 

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å ta vare på biologisk verdfulle skogsmiljø.

Innspel til arbeidet med vern må sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 12.04.2021.