Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om mudring ved Moldegård

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
7. mars 2021 23:59

Molde og Romsdal Havn IKS søkjer om løyve til mudring ved eigedomen gnr. 25 bnr. 997 i Molde.

Publisert 15.02.2021

Dei skal mudre om lag 350 m3 over eit areal på om lag 250 m2 for å auke djupna i området etter utrasingar i kaifyllinga.

Søknadsdokumenta med miljørapport kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 7. mars 2021.

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
7. mars 2021 23:59