Kommunane si risikovurdering i veke 6 - Møre og Romsdal

Kartet syner kommunanes eiga vurdering av risikonivået i koronapandemien

Publisert 16.02.2021

Risikonivået byggjer på ei heilheitsvurdering av smittesituasjonen, der mellom anna tal på nye tilfeller med smitta, tal på positive testar, kapasitet og totalt smittetrykk i kommunen inngår. Høgare tal for enkelte parameter i ein kommune vil ikkje aleine vere nok til å kreve økt risikonivå. Den løpande risikovurderinga i kommunane er grunnlaget for den videre handteringa, herunder tiltaksvurdering og kommunikasjon.

Kommunane i Møre og Romsdal opplever at dei har kontroll over smittesituasjonen til tross for nokre få avgrensa mindre utbrot.

Sjå kartet her