Ledige verv i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF

Det er et ledige verv i Kontrollkommisjonen for det psykiske helsevern ved Helse Møre og Romsdal HF – sjukehusa i Molde og Kristiansund frå 1. januar 2022.

Publisert 22.11.2021

Oppnemning av medlemmar i kontrollkommisjonane for psykiske helsevern er delegert til statsforvaltaren i det einskilde fylke.

Ved alle institusjonar der nokon er under psykisk helsevern skal det være ein kontrollkommisjon jf. Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern kap.6.

Kontrollkommisjonen er eit uavhengig klageorgan for pasientar og pårørande.

Medlemmar i kommisjonen besøkjer dei psykiatriske avdelingane med visse mellomrom, og skal i den grad det er mogleg og naudsynt også føre kontroll med pasientane si velferd. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ. I tillegg består mykje av arbeidet i å behandle klagar frå pasientar og pårørande.

Samansetning av kommisjonen

Kontrollkommisjonen skal bestå av ein jurist med dommarkompetanse, denne er leiar for kommisjonen. I tillegg skal det vere ein lege og to andre medlemar, alle med personlege vara. Medlemane blir vanlegvis oppnemnt for 4 år om gongen. Verva blir løna for utført arbeid og oppmøte etter Statens regulativ.

I Møre og Romsdal har vi to kontrollkommisjonar, ein for det psykiske helsevernet ved sjukehusa på Sunnmøre og ein tilsvarande for sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal.

I kommisjonen for sjukehusa i Molde og Kristiansund er det ledig følgande verv:

  1. Fast medlem
  2. Vara for fast medlem

Begge frå 1. januar 2022.

Det er i utgangspunktet ikkje stilt særskilte krav til bakgrunn for desse verva, men helse- og eller sosialfagleg bakgrunn i tillegg til engasjement for arbeidet, vil vere eit godt utgangspunkt.

Faste møte i denne kommisjonen blir haldne ved sjukehuset i Molde, psykiatrisk avdeling på Hjelset.

Dersom du er interessert i eit spennande og lærerikt verv og/eller har spørsmål kan du ta kontakt med:

Kjersti Bakken, ass. direktør, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
E-post: kjbak@statsforvalteren.no
Telefon: 71 25 85 30

eller

Morten A. Lunde, advokat og formann i kontrollkommisjonen
E-post: morten.lunde@advolunde.no
Telefon: 91 32 03 22

Du søker elektronisk ved å sende e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no

I søknaden må det kome tydeleg fram kva verv du søker.

Merk søknaden Verv i Kontrollkommisjon for psykisk helsevern.

Søknadsfrist: 10. desember 2021