Betaling for hjelp i heimen

Retten til å ta betalt for tenester i heimen er regulert i forskrift, og kommunen må gjere vedtak før dei kan ta betalt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2021

Kommunane må gi naudsynt hjelp til dei som treng det. Dei kan ta betalt for praktisk bistand i heimen som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg. Om tryggleiksalarm er gitt i staden for fleire tilsyn i heimen, eller fordi hjelpa ikkje vil vere forsvarleg utan slik alarm, kan det ikkje tas betalt for det.

Det er gitt reglar for kor høg eigenbetalinga kan vere. For å kunne ta betalt, må kommunen fatte eit enkeltvedtak om kor mange timar det skal betalast for og kor mykje ein må betale. Der må det også opplysast om retten til å klage på avgjera til Statsforvaltaren.