Molde kommune braut lova, men har korrigert interne rutinar

Statsforvaltaren konkluderer med at Molde kommune ikkje har arbeidd godt nok med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit i møte med personar som har ei utviklingshemming. Kommunen har no korrigert eigne rutinar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2022

– Molde kommune har brote lovkravet om systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukarsikkerheit etter helse- og omsorgstenestelova § 4-2. Kommunen vurderte ikkje godt nok om det kunne være saksbehandlingsfeil i vedtaka til dei resterande brukarane som fekk redusert tenestetilbodet i 2018/2019. Dermed vurderte dei heller ikkje om eventuelle feil i saksbehandlinga kan ha virka inn på tenesteutmålinga, seier direktør Grete Teigland hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Hadde møte med kommunen

I 2019 kutta Molde kommune i tenestene til personar som har ei utviklingshemming. Personane fekk nye vedtak om tenester frå kommunen. Vedtaka innebar kutt i tenestene. Fleire personar sende klage på vedtaka til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren gav heilt eller delvis medhald i alle klagene, og vedtaka vart oppheva.

Hausten 2021 var det mykje medieomtale rundt dei personane som fekk kutt i tenestene frå Molde kommune i 2019, men som ikkje klaga. Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) oppfordra Statsforvaltaren til å føre tilsyn med Molde kommune.

Statsforvaltaren kalla inn til eit møte med Molde kommune i slutten av november 2021. Målet var å vurdere om Statsforvaltaren skulle føre tilsyn med kommunen. I etterkant av møtet har Statsforvaltaren vurdert diverse dokumentasjon, mellom anna interne rutinar i Molde kommune.

Betre involvering av brukarane

I eit oppsummerande brev til Molde kommune i 2019 peika Statsforvaltaren på konkrete feil i dei klagesakene dei hadde behandla.

Vi gjorde det klart for kommunen at vi forventa at leiinga sørga for å gå gjennom og vurdere tilsvarande saker. Om dei fann same feil som dei vi fann i klagesakene, skulle kommunen rette desse opp.

Etter 2019 har det vore justeringar i tenestetilbodet til over halvparten av brukarane som var involvert i kuttet i tenester i 2018/2019. Dei har fått justert opp tenestestetilbodet i større eller mindre grad, seier Teigland. 

Ho legg til at saksbehandlingsfeila i vedtaka frå 2018/19 kan ha ført til at enkelte brukarar ikkje har fått tenester som samsvarer med behova deira.

Kommunen har no gjort ein gjennomgang av alle desse sakene, og vi ber kommunen vurdere om det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at kvar enkelt av dei som fekk reduksjon i tenestene har tilstrekkelege tenester ut frå det behovet dei har no, seier Teigland.

Kommunen må involvere brukarane om det vert gjort nye vurderingar av behova deira. I dei nye retningslinjene kommunen har utarbeidd, er dette ein viktig del av prosessen.

Ikkje vidare tilsyn

Statsforvaltaren avsluttar med dette den tilsynsmessige oppfølginga av Molde kommune.

Kommunen korrigerte sine interne rutinar for framtidig saksbehandling som følge av Statsforvaltarens konklusjonar i klagesakene i 2018/19. Vi har fått få klager på tenestene til denne brukargruppa i Molde kommune dei siste åra. Det kan bety at endringane i kommunens retningslinjer fungerer, seier Grete Teigland.

Grete Teigland er direktør på helse- og sosialavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Anita Grønland

Om retten til å klage

Om ein pasient/brukar, eller ein som representerer dei, meiner at dei ikkje får helse- og omsorgstenester som svarar til behova deira, kan dei klage til Statsforvaltaren, jf. pasient- og brukarrettslova § 7-2. Ei slik klage skal bli send til den som har gjort vedtaket eller avgjerda.