Omsorgstenester

Oppdatert 08.04.2024

Kommunen har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Omsorgstenester skal organiserast slik at den enkelte så lenge som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i samråd med brukaren. Statsforvaltaren fører tilsyn og kontroll med dei kommunale tenestene. 

Fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller løn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen yter teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på same måte som i vanlege heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i korleis kommunens vurderer behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen din til kommunen. Dersom klagen ikkje når fram, blir klagen automatisk send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir


Publisert 28.09.2017

Krav til kartlegging av behov

Helsedirektoratet har presisert brukarane sin medverknadsplikt i kartlegginga av tenestebehov ved søknad om brukarstyrt personleg assistanse (BPA).


Publisert 03.01.2017, Sist endra 17.02.2021

Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Forskrifta erstatter internkontrollforskrifta og trer i kraft frå 1. januar 2017.