Nominasjonsprosessen til Leve heile livet-prisen er i gang

Kvart år deler Helse- og omsorgsdepartementet ut Leve heile livet-prisen til ein kommune som har arbeidd ekstra godt med Leve heile livet – ein kvalitetsreform for eldre. No er nominasjonsprosessen for årets pris i gang og statsforvaltarne har ei sentral rolle.

Publisert 01.07.2022

Innspel

Vi ber om at forslag til kandidatar blir sendt til seniorrådgivar Greta Irene Hanset fmmrgrha@statsforvalteren.no 

Prosessen

Éin kommune frå kvart fylke kan nominerast av det regionale støtteapparatet til reforma, som består av statsforvaltaren, KS regionalt og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester. Det er statsforvaltaren i kvar region som koordinerer arbeidet.

Kriteria for Leve heile livet prisen 2022

Kriteria for prisen varierer frå år til år. I år vil juryen sjå etter kommunar som:

  • Har forankra Leve heile livet som ei teneste- og samfunnsreform
  • Har gjort konkrete endringar på systemnivå og bidratt til å dele dette arbeidet med andre
  • Har gjort konkrete tiltak som blir merka positivt av befolkninga i alderen 65+

Finalistar presentert på Leve heile livet konferansen, der vinnaren kårast

Leve heile livet-reformas nasjonale referansegruppe plukkar ut tre finalistar som får vise frem arbeidet sitt på Leve heile livet-konferansen 16. november. Vinner-kommunen blir kåra på konferansen og mottek ein pengepremie på 100 000 kroner. Leve heile livet-konferansen er heildigital, åpen og gratis for alle. Målet i år er å samle 5 000 deltakarar frå heile landet.

Les meir om prisen og årets kriterie på nettstaden til Helsedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.