Nasjonal fjellskredkonferanse

Dato:
18. september 2019 12:00 - 19. september 2019 14:00
Stad:
Hotel Union Geiranger
Arrangør:
Norddal kommune, Stranda kommune, Norges vassdrags- og energidirektorat, Møre og Romsdal politidistrikt, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Troms og Finnmark, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle som har beredskapsansvar og oppgåver knytt til fjellskred og flodbølgjer – lokalt, regionalt og nasjonalt
Publisert 24.06.2019

Nasjonal fjellskredkonferanse 2019

Konferansen vart arrangert på Hotel Union i Geiranger 18. og 19. september 2019.

Det var fjerde gongen denne konferansen vart arrangert. Programmet tok føre seg geofagleg status, risiko som formgjevande faktor ved arealplanlegging, befolkningsvarsling og evakuering.

Konferansen var eit felles initiativ frå Norddal kommune, Stranda kommune, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Møre og Romsdal politidistrikt, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Troms og Finnmark og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

No finn du presentasjonane frå konferansen i høgremargen.