Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Prosjekt - Modalsvassdraget

Modalsvassdraget

Laksebestanden i Modalsvassdraget gjekk tapt på 1970-talet på grunn av forsuring. 31. mars gjekk startskotet for reetablering av laks i vassdraget. Rognplantinga er i gang, neste milepæl kjem med kalking av vassdraget.

Modalsvassdraget

Modalsvassdraget i Modalen kommune er det nest største vassdraget i Osterfjordsystemet. Vassdraget er surt, og vi reknar med at bestanden av laks gjekk tapt tidleg på 1970 talet på grunn av forsuring.

Modalsvassdraget toppar Miljødirektoratets liste over nye vassdrag som skal kalkast, og planlegging av kalking er i gang.

Modalsvaselva

Reetablering av laks

Vasskjemien i vassdraget er i dag ikkje god nok for laks. Men med kalking vil det igjen vera grunnlag for ein levedyktig laksebestand i Modalen. For å hindre at gener frå rømt oppdrettslaks dominerer den nye laksebestanden som vert etablert, gjennomfører Fylkesmannen ein styrt reetablering av ny laksestamme i Modalsvassdraget. Det vil sei planting av rogn av kjent opphav.

Val av stamme

Den opphavlege Modalslaksen rakk dessverre aldri å verte innlagt i genbank. Når vi no skal reetablere laks i Modalsvassdraget, må vi difor nytte ein donorstamme. Det er fleire laksebestandar langs Osterfjorden, og ein donorstamme må komme frå ein eller fleire av desse. Laksebestandane i Ekso og Vosso vart vurdert til å vere dei som likna mest på den opphavlege Modalslaksen.  I tillegg er dei naturgitte forholda i Modalsvassdraget liknande som i Ekso og Vosso, og begge bestandane ligg i levande genbank.  Til reetablering av laks i Modalsvassdraget, er det likevel valt å  berre nytte rogn av Vossolaks. Vosso var historisk det dominerande laksevassdraget i fjordsystemet, og opphavet til Vossolaksen i genbanken er godt dokumentert.

31. mars 2014 – ein merkedag for Modalsvassdraget

Då vart ca 60 000 rogn av Vossolaks vart planta ut i vassdraget av forskerar frå LFI Uni Miljø og tilsette frå Voss klekkeri. Nye 60 000 vert planta ut i desse dagar.  Forventa smoltalder i Modalsvassdraget er tre år, våren 2017 reknar vi difor med at smolten frå årets rognplanting forlet vassdraget. Før smolten vandrar ut, skal kalkinga etter planen vera starta opp.

Rognplanting i Modalselva i 2014