Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2014?

Kulturlandskapsgruppa i Hordaland ber om kandidatar til Kulturlandskapsprisen for 2014. Årets tema er Kystgard.  Prisen er på kr 50.000,- og vert delt ut av Fylkesordføraren i Hordaland ved ei markering hjå prisvinnar.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2014 av Administrator

Fylkesmannen Lars Sponheim delte ut Hordaland fylke sin Kulturlandskapspris 2013 til gardbrukarane Toril og Johan Børsheim på Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik.  Det var 18. gong at prisen vart delt ut i Hordaland. Sjå presentasjon av Kvemmadokkje og brev til kommunane om utlysing av innspel til årets kandidat  i faktaboks. Frist for innsending til Fylkesmannen er satt til 6. mai.

Målsettinga med Kulturlandskapsprisen er at den skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap eller verdiar som ligg i kulturlandskapet i Hordaland.

Kriteria som vert lagt til grunn ved vurdering av kandidatane:
Vi ønskjer at kandidaten skal kunne vere eit godt døme knytt til  FN si satsing i 2014 på familielandbrukets år. I tillegg vert desse kriteria lagt vekt på:

  • Garden og bygningane bør være i aktiv bruk, helst i næringssamanheng.
  • Landskapet må bære preg av å være eit berekraftig produksjonslandskap i aktivt drift.
  • Prioritere bruk der drifta er viktig for samla inntekt.

Vinnaren av den regionale prisen i 2014 vert sendt vidare til den nasjonale prisen 2015 som arrangerast i samarbeid mellom Norsk Kulturarv, Landbruks- og matdepartementet og Statens landbruksforvaltning.

Jury for prisen er Kulturlandskapsgruppa i Hordaland.