Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Matproduksjon

Oppdatert 08.07.2022

Matproduksjonen skal sikre ønsket om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon. Statsforvaltaren er pådrivar for verdiskaping og næringsutvikling med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat.

Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar som kan bidra til at fleire matprodusentar foredlar eigne råvarer og tilbyr forbrukarane gode matopplevingar. Midlar til bedriftsutvikling blir forvalta av Innovasjon Norge. Næringsutvikling innan matproduksjon er blant anna knytt til lokal matkultur og lokale spesialitetar, turisme og reiseliv, matkvalitet, helse og kompetanse.

Statsforvaltaren samarbeider med andre statlege etatar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og ulike organisasjonar i dette utviklingsarbeidet.

Vis meir

Fylkesmannen bidreg til å utvikle foredlingsindustri, lokalmatproduksjon og lokalmatmarknad i Hordaland, basert på lokale råvarer. Utgangspunktet for arbeidet er dei kulturelle og verdifulle mattradisjonane og råvarene vi har i fylket. Vi driv med:

  • Rettleiing av etablerarar og eksisterande verksemder innan sal og vidareforedling av råvarer frå og på eigen gard
  • Oppfølging av landbruksrelevante problem og moglegheiter innan næringsmiddelindustri
  • Kompetansebygging og –formidling innan matområdet; kurs, mentorhjelp, studieturar mm
  • Nettverksarbeid innan ulike matfelt, produsentmiljø eller geografiske område
  • Føredrag, demonstrasjonar og arrangement retta mot produsent eller marknad
  • Rådgjeving i matfaglege spørsmål og regional partnar innan matfeltet

For utviklingsretta prosjekt innan lokallmat kan ein søkje om UTM-tilskot (eller sjå høgremarg)  Fylkesmannen, Bergen kommune, Innovasjon Norge og Hordaland Fylkeskommune har gjennom mange år utvikla konseptet Bergen Matfestival, herunder Bønder i Byd´n. Partnarskapen utarbeider ein regional matstrategi, og Bergen kommune søkjar i 2015 om opptak i nettverket UNESCO Creative Cities of Gastronomy.


Publisert 10.08.2018

Spår rekordavlingar for fruktdyrkarane på Vestlandet

I desse dagar plukkar fruktdyrkarane plommer for harde livet. Det modnast fort i varmen.  Butikkane vil bugne av norske plommer i butikkane dei neste 14 dagane, saman med dei tidlegaste norske eplesortane.


Publisert 13.07.2018

Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt

Driv du med direktesal av moreller langs vegen? Sel du frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal.


Publisert 10.10.2017

Bergen Matfestival i ny drakt

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival auka billettsalet med 30 % i år, og satte med det ny publikumsrekord etter flyttinga til Koengen med 30.000 besøkande, helga 1.-3. september.


Publisert 15.02.2017

Ny nettstad skal matche tilbod og etterspurnad av lokalmat i heile Noreg

Er du lokalmatprodusent så bør du vera på lokalmat.no for at innkjøparar kan finna dine produkt!


Publisert 03.05.2016

Gylne måltidsaugeblikk

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ber ordførarar i heile landet om å inspirere aldersinstitusjonane i deira kommune til å melde seg på konkurransen Gylne måltidsaugeblikk 2016. I år vil konkurransen finne fram til dei institusjonane som mellom anna har særs god brukarmedverknad, merksemd på lokalmat og der bebuarane har matval.

 


Publisert 25.04.2016

Rekordstor påmelding til Bergen Matfestival

Alt skjer på Koengen og Bergenhus festning. Allereie no er det over 50 påmelde lokalmatprodusentar. Det syner at interessa for deltaking er stor.


Publisert 25.11.2015

Gylne måltidsøyeblikk

Stiftelsen Slettebakken menighets eldresenter ble fylkesvinner i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk». Vinneren går videre til den nasjonale konkurransen.


Publisert 02.10.2015

Mat i Reiseliv

29-30. oktober vert lønsamt forretningsmessig samarbeid sett på dagsorden på samlinga Mat i Reiseliv i Bergen. Fylkesmannen i Hordaland, i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Innovasjon Noreg, NCE Tourism og Hanen trommar reiselivsaktørar, lokalmatprodusentar, grossistar og distributørar på Vestlandet saman. Konferansen er starten på NCE Tourism sitt treårige prosjekt "Lønsom opplevelsesmat".

 


Publisert 22.06.2015

Regional gastronomy and artisan food development

For more than 20 years, the regional and agricultural authorities of Hordaland and Sogn og Fjordane have been promoting artisan food as a development strategy for farmers, and as identity markers and quality food products for the general public.


Publisert 16.05.2015

Det Norske Måltid med delfinale på Bergen Matfest

Det Norske Måltid legg i år ein av tre delfinalar til Bergen Matfest. Her konkurrerer norske kvalitetsvarer om gjeve prisar!