Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Konferanse om barn utsett for vald og overgrep

Dato:
30. oktober 2018 - 31. oktober 2018
Stad:
Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland, RKBU Vest og RVTS Vest
Målgruppe:
Leiarar innan kommunalt barnevern, institusjonsbarnevern, Bufetat region vest, psykisk helse barn og unge i Hordaland, Sogn og Fjordane.

Konferansen har fokus på ulike aspekt i arbeidet med barn som er utsett for vald og overgrep.

Publisert 23.03.2018

Konferansen vert arrangert av Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Uni Research: Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Ressurssenter vald og traumatisk stress (RVTS Vest). Konferansen rettar seg mot leiarar i Hordaland og Sogn og Fjordane innan kommunalt barnevern, institusjonsbarnevern, Bufetat region vest og psykisk helse for barn og unge.

Endeleg program finn du under "Dokument". 

For å delta må du melde deg på under. Det er avgrensa tal plassar på konferansen. Påmeldte som ikkje er i målgruppa, kan ikkje rekne med å få delta. Dei som ikkje får plass på konferansen, vert kontakta direkte etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Konferansen er gratis. Konferansen inkluderer kursdag ein og to, eventuell fellesmiddag og overnatting 30-31. oktober.

Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande.

Har du bestilt hotellrom og ikkje bruker det, vil du bli belasta for prisen på rommet, 1 250 kroner. Du må sjølv kontakte hotellet for eventuell avbestilling av hotellrom etter påmeldingsfristen er gått ut.

Deltakarane må sjølve dekke reiseutgifter og eventuell ekstra overnatting 29-30. oktober.

Viktig om påmelding

Du må fylle ut alle obligatoriske felt i skjemaet for å få sendt påmeldinga di. Om du har gløymt eit obligatorisk felt, viser sida ei feilmelding over skjemaet når du forsøker å sende påmelding. Der kan du sjå kva felt det gjeld.

Grunna oppdatering til nytt publiseringsvertyg går det ikkje ut kvittering på e-post om at påmeldinga di er registrert.

Om du gjer samtykke til at namn og arbeidsstad viser på denne sida i påmeldingsskjemaet, vil du finne att namn, arbeidsstad og kommune i lista på sida her om påmeldinga er registrert.

Dato:
30. oktober 2018 - 31. oktober 2018
Stad:
Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland, RKBU Vest og RVTS Vest
Målgruppe:
Leiarar innan kommunalt barnevern, institusjonsbarnevern, Bufetat region vest, psykisk helse barn og unge i Hordaland, Sogn og Fjordane.

Kontaktpersonar

Praktiske spørsmål?

For praktiske spørsmål om hotell og påmelding, kontakt Benthe Helen Sandtorv.

For andre spørsmål, kontakt Randi Alme Flataker eller Marianne Lunder Kjelby.

Sjå "Kontaktpersonar".