Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Trus- og livssynssamfunn

Oppdatert 22.03.2022

Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Trussamfunnslova stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Nye trus- og livssynssamfunn må registrere seg før dei kan få tilskot. Alle samfunna skal bruke den digitale løysinga til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot med meir. Fristen for å kreve tilskot er utsatt til 9.mars 2022. 

Satsen som blir brukt til å rekne ut statstilskotet var 1 310 kroner per medlem i 2021. Satsen for 2022 er ikkje fastsett. 

  • Statsforvaltaren i Oslo og Viken behandlar saker som gjeld samfunn i Oslo og Viken.
  • Saker som gjeld trus- og livssynssamfunn med adresse utanfor Oslo og Viken blir behandlla hos Statsforvaltaren i Agder.

Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga. 

Vis meir


Publisert 23.01.2018

Krav om statstilskot til trus- og livssynssamfunn for 2018

Fylkesmannen handsamar krav om statstilskot frå registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn med hovudsete i Hordaland. Fristen er 1. mars.


Publisert 19.01.2017

Krav om statstilskot til trus- og livssynssamfunn for 2017

Fylkesmannen handsamar krav om statstilskot frå registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn med hovudsete i Hordaland. Fristen er 1. mars.


Publisert 29.11.2016

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn i Hordaland i 2016

Det er utbetalt 6 973 800,- kroner i statstilskot til trus- og livssynssamfunn i Hordaland for 2016. Beløpet er fordelt på  14 775 medlemmar i 53 registrerte og 8 uregistrerte trussamfunn.


Publisert 28.01.2016

Krav om statstilskot til trus- og livssynssamfunn for 2016

Fylkesmannen handsamar krav om statstilskot frå registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn med hovudsete i Hordaland. Fristen er 10. mars.


Publisert 22.10.2015

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn i Hordaland i 2015

Det er utbetalt 6 873 498,- kroner i tilskot for 2015 til trus- og livssynssamfunn i Hordaland. Beløpet er fordelt på  14 143 medlemmar. Dette er ein auke på heile 945 medlemmar frå i fjor.


Publisert 05.02.2015

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2015

Frist for innsending av krav om statstilskot for 2015 er 13. mars 2015.

Frist for innsending av rekneskap og årsrapport for 2014 er 10. april 2015.


Publisert 17.12.2014

Statstilskot til trus- og livssynssamfunn i Hordaland i 2014

Det er utbetalt 5 934 433,- kroner i tilskot for 2014 til trus- og livssynssamfunn i Hordaland. Beløpet er fordelt på 13 198 medlemmar. Dette er ein auke på 187 medlemmar frå i fjor.


Publisert 03.02.2014

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2014

Frist for innsending av krav om statstilskot for 2014 er 10. mars 2014.
Frist for innsending av rekneskap og årsrapport for 2013 er 4. april 2014.


Publisert 15.11.2013

Oversikt over statstilskot til trus- og livssynssamfunn i Hordaland

Det vart utbetalt 5 490 642,- kroner i tilskot for 2013 til tru- og livssynssamfunn i Hordaland. Beløpet er fordelt på 13 011 medlemmar.


Publisert 08.02.2013

Tilskot til trus- og livssynssamfunn 2013

Frist for å sende inn krav om statlege og kommunale tilskot er 20. mars 2013.