Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Statsborgarseremoniar

Oppdatert 22.03.2022

Er du ny norsk statsborgar? Statsforvaltaren inviterer alle nye statsborgarar som har fylt 12 år, til statsborgarseremoni. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkomne og markere at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Seremonien er ein festdag, og du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje.

På grunn av pandemien har det diverre vore vanskeleg å invitere til seremoni med fysisk oppmøte dei siste to åra. 


Publisert 03.12.2012

Statsborgarseremoni for store og små

Søndag 2. desember vart det arrangert seremoni for nye norske statsborgarar i Håkonshallen. God deltaking og fin stemning prega arrangementet.