Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Oskespreiing i 2015

I 2015 har Fylkesmannen i Hordaland handsama 108 søknader om oskespreiing. Dette er fire færre søknadar enn i 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2016

Av sakene som vart handsama av Fylkesmannen i 2015 vart 96 søknader innvilga og tolv avslått. Avslaga går i hovudsak på at den ønskte staden for spreiing ikkje oppfyller kravet om at staden skal være eigna for oskespreiing. I dette ligg det at spreiing berre kan skje på stader som har eit aude preg. Av dei som har fått avslag fekk vi i 2015 inn fire reviderte søknadar med ny stad for spreiing. Alle desse vart innvilga.

I utgangspunktet vert oskespreiing tillate i aude område i høgfjellet og ut mot opent hav. Spreiing av oske kan også tillatast i aude skogsområde, men det må vere langt frå bustader og stader der folk ferdast. Spreiing ved eiga hytte eller i eigen hage er ikkje tillate.

I Hordaland er det gitt flest løyver til oskespreiing ved Marsteinen fyr i Austevoll kommune, og elles i havområda vest for kommunane Øygarden, Fjell og Sund. På land er det gitt flest løyver i høgfjellsområda ved Dyranut i Eidfjord kommune.

Søknad om oskespreiing skal sendast til Fylkesmannen i det fylket ein ønsker å utføre oskespreiinga. Spreiingsstaden bør merkast av på eit kart som ein legg ved søknaden.

Dersom du er over 15 år og ønsker at oska di skal spreiast for vinden, kan du sjølve søke Fylkesmannen om løyve til dette. Også pårørande kan få løyve til oskespreiing, hvis det kan godtgjerast at oskespreiing var avdøde sitt ønske.