Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Opningstider for utsalsstader

Oppdatert 22.03.2022

Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Statsforvaltaren.

Når Statsforvaltaren behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Vi kan gi dispensasjon når det er særlege grunnar til det, til dømes i samband med større hendingar, idrettsmeisterskap, jubileum, stemne og marknader. Når vi behandlar ein søknad, vurderer vi alle sider ved arrangementet, også omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstaden. Vi hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør derfor sende søknad om dispensasjon ein til to månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.

Statsforvaltaren kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.

Vis meir


Publisert 13.03.2017

Søndagsopent under Sykkel-VM

Fylkesmannen har innvilga dispensasjon frå helligdagslova slik at butikkar i Bergen og bergensregionen (Askøy, Fjell og Øygarden) kan halde søndagsopent under Sykkel VM som skal arrangerast i september 2017.


Publisert 19.03.2013

Austevoll er godkjent som "typisk turiststad"

Vedtaket om at Austevoll kommune vert godkjend som «typisk turiststad» inneber at kommunen kan halde butikkar ope òg på søn- og helligdagar i sommarsesongen -
frå 1. mai t.o.m.31 august.