Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannsreforma - vår tilråing

I svaret sitt til førebels rapport om Fylkesmannens sin framtidig struktur tilrår Fylkesmannen at dei to embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman, med kontorstad i Bergen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2016

Ei prosjektgruppe i Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd ein førebels rapport om Fylkesmannen sin framtidige struktur. Gruppa har vurdert ulike strukturmodellar, m.a. i lys av kommune- og regionreformene og store endringane i inndelinga av ei rekkje regionale statsetatar. Det har medført endra rammevilkår for Fylkesmannens samhandling og samarbeid med desse etatane.

Alternative modellar 

Prosjektgruppa har drøfta tre modellar: konsolideringsmodellen (14-17 fylkesmannsembete), regionmodellen (åtte – tretten embete) og landsdelsmodellen (fire – sju embete). 

Fylkesmannen i Hordaland argumenterer for at regionmodellen best sameinar dei omsyna som ei ny geografisk inndeling av embeta skal ta sikte på å ta i vare:

  • gi tilstrekkeleg innbyggjargrunnlag for fagleg og økonomiske berekraftige einingar
  • sikre tilgang for kommunar og innbyggjarar
  • styrkje føresetnadene for samvirke og samordning i staten og mellom stat og regional folkevalde styresmakter
  • størst mogleg grad av felles inndeling med folkevald nivå
  • betre føresetnader for oppgåver som er plasserte i direktorat eller regionale ledd av desse
  • styrkje føresetnadene for større rettslikskap. 

Samanslåing og lokalisering

Tilrådinga om samanslåing av embete i Hordaland og Sogn og Fjordane er bygd på:

  • det samanslåtte embetet vil ha eit teneleg befolkningsgrunnlag og areal
  • den kulturelle fellesskapen mellom dei to fylka
  • den felles regionale identiteten, med Bergen som regionhovudstad for begge fylka. 

Når det gjeld lokalisering av kontorstaden for det samanslåtte embetet, bør det vere èin kontorstad, Bergen. Det er i denne vurderinga lagt vekt på:

  • behovet for eit samla embete
  • omsynet til samordning – nærleik til viktige samarbeidspartnarar
  • realisering av staten sine leiarmål
  • omsynet til medarbeidarar
  • kostnadseffektivitet – gevinstrealisasjon
  • nærleik og tilgang for innbyggjarane
  • staten bør vere til stades i Norges neste største by – staten treng Bergen og Bergen treng staten
  • nærleiken til kommunane
  • rekruttering og kompetanse.

Fylkesmannen si uttale er vedlagt.