Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Statleg tilskot til ei ny stilling i barnevernet i Bergen

Fylkesmannen tilbyr Bergen kommune statleg finansiering av ytterlegare ei barnevernstilling, i tillegg til dei 33,8 barnevernstillingane som staten finansierer frå før.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2018

Sidan 2011 har staten gitt øyremerka løyvingar til styrking av den kommunale barneverntenesta. I 2017 finansierte staten 986 barnevernstillingar i kommunane, og av dette var 33,8 i Bergen. I heile Hordaland vart 87,9 barnevernstillingar finansiert av staten.

Nye stillingar

I statsbudsjettet er det sett av midlar til ytterlegare 40,2 nye stillingar i det kommunale barnevernet, og Barne- og likestillingsdepartementet har tildelt ei av desse til Hordaland. Når det gjeld vidare fordeling av dei nye stillingane skriv departementet: «Fylkesmennene må etter egen vurdering fordele midlene til kommuner med størst behov knyttet til sin bemanningssituasjon.» 

På bakgrunn av vår kjennskap til situasjonen i det kommunale barnevernet, mellom anna på bakgrunn av tilsyn, finn vi at Bergen er den kommunen i vårt fylke med størst behov for styrking. Vi har difor gitt Bergen kommune tilbod om statleg finansiering av ytterlegare ei barnevernstilling, i tillegg til dei 33,8 barnevernstillingane som staten finansierer frå før. Klikk her for å sjå tildelingsbrevet. Bergen kommune kan sjølv bestemme i kva bydel/verksemd den nye stillinga skal plasserast.

Klikk her for å sjå Barne- og likestillingsdepartementet si fordeling av nye stillingar per fylke.

Stillingar som er oppretta tidlegare år

Dei stillingane som Bergen kommune frå før har oppretta med tilskot frå denne tilskotsordninga er fordelt slik på bydel/verksemd: 

  Bydel/verksemd

  Arna
  Bergenhus
  Fana
  Fyllingsdalen
  Laksevåg
  Ytrebygda
  Årstad
  Åsane
  Utekontakten (Due)
  Familieveiledning
  Barnevernvakten

  Bergen i alt

Stillingar

  1,5
  3,0
  4,5
  2,3
  6,0
  1,5
  6,5
  4,0
  2,0
  1,0
  1,5

33,8

Klikk her for å sjå oversikta over årsverk i barnevernet oppretta i perioden 2011- 2016 fordelt på fylke.