Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Konferanse om naturmangfald i sjø

Dato:
7. november 2017 09:00 - 15:30
Stad:
Universitetsaulaen i Bergen, Museplassen 3, Hovudinngang gjennom Musehagen frå Olav Ryes vei
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland, miljøvern- og klimaavdelinga
Målgruppe:
kommunar, offentlege etatar, organisasjonar, konsulentar, næringa og andre i Hordaland og Sogn og Fjordane

Fylkesmannen inviterte til dagskonferanse om naturmangfald i sjø tysdag 7. november 2017. Vi retta søkjelyset på kunnskapsstatus om naturmangfald i sjø, og korleis vi nytter dette i forvaltninga av dei marine økosystema.

Du finn innlegga i menyen til høgre. 

Publisert 27.09.2017

Korallnellik, Stamnes i Vaksdal. Foto Torgeir Kårbø

Hovedtema på konferansen var

  • Kunnskapsstatus om naturmangfald i sjø. Innlegg frå Uni Miljø, Vitskapleg Råd for lakseforvaltning, Havforskningsinstituttet mfl.
  • Bruk av kunnskapsgrunnlaget i forvaltninga: Innlegg frå Mattilsynet og Fylkesmannen
  • Planlegging og forvaltning i sjø: Innlegg frå Hordaland fylkeskommune, Osterøy kommune og Fylkesmannen

Bruk av miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova var sentralt. Du finn program i menyen til høgre. 

Nær 170 deltakarar frå kommunar, offentlege etatar, organisasjonar, konsulentar, næringa og andre frå Hordaland og Sogn og Fjordane var påmeldte.