Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kommunereforma

Oppdatert 10.12.2021

Noreg har 356 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova. 

2020 var det første året for 47 nye kommunar som følgje av kommunereforma.

Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.

Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.

Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang. 

Vis meir

Regjeringa vil styrkje lokaldemokratiet og gjennomfører ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med meir makt og mynde.

 

Alle landets kommunar er inviterte til å delta i prosessar med sikte på å vurdere og å avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Fylkesmannen, i samarbeid med KS, bidreg til å gjennomføre dei regionale prosessane.

Kommunereforma skal leggje til rette for at fleire kommunar slår seg saman. Færre og større kommunar skal gi betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver, gi betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn, og dessutan ivareta viktige frivillige oppgåver. Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse dei lovpålagde oppgåvene sine sjølve.

Regjeringa har desse måla for reforma:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrkt lokaldemokrati

Regjeringa tek sikte på å leggje fram eit samla forslag om kva oppgåver som kan overførast til større og meir robuste kommunar våren 2015. Stortinget vil dermed ha behandla forslaget om nye oppgåver til kommunane før kommunane skal gjere sine lokale vedtak. Målet er deretter å leggje fram ein samla lovproposisjon om nye oppgåver til kommunane våren 2017, samtidig med ein proposisjon om ny kommunestruktur.


Publisert 19.08.2015

Fordeling av skjønnsmidler til kommunereformen 2015



7 millioner kroner av Fylkesmannens skjønnsramme for 2015 var avsatt til arbeidet med kommunereformen. Ved 3. gangs fordeling har Fylkesmannen tildelt midler til Drammen, Ål og Hol, Midt-Buskerud, Øvre Eiker, Røyken, Hurum og Numedal.


Publisert 08.05.2015

Status for kommunereformen i Buskerud fylke