Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Husdyr

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar – som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit) – utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Statsforvaltaren, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Statsforvaltaren.

Erstatningsordningar og tilskot

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Statsforvaltaren er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Statsforvaltaren om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg. Søknadskjemaet ligg på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vis meir


Publisert 10.12.2015

Sørlandssamlinga 2016

Den tradisjonelle storsamlinga for husdyr- og grøntprodusentar blir 8.–9. januar i Sørlandsparken.


Møte for sauebønder

Om rovdyrforvaltning – Byglandsfjord 19. november.


Publisert 08.09.2015

Nye søknadsskjema for sykdomsavløsning

På grunn av forskriftsendringer har det kommet nytt rundskriv og nye skjema for tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv.


Publisert 02.09.2015

Satser stort på birøkt

Knut Lia i Grimstad har investert i 400 kuber og helautomatisk slyngeanlegg.


Publisert 08.07.2015

Aktivitetsplan for saueprosjektet

«Ny giv i sauehaldet» startar hausten med fagtur 1. august.


Publisert 06.07.2015

Tillatelse til felling av skadegjørende ulv

Fylkesmannen har gitt tillatese til felling av én ulv fram til og med 19. juli i kommunene Vegårshei, Åmli, Froland, Birkenes, Evje og Hornnes og Bygland.


Publisert 11.03.2015

Stor oppslutning om sauemøter

Til saman 125 møtte fram på dei to oppstartsmøta i prosjektet Ny giv i sauehaldet i Aust-Agder.


Publisert 16.02.2015

Stormøte – ny giv i sauehaldet

Nytt prosjekt startar med stormøter 4. mars i Froland og 5. mars på Ose.


Publisert 11.02.2015

Satsar på sau i Setesdal

Stein Førland byggjer nytt fjøs til 400 sauer i Valle.


Publisert 05.02.2015

Nedgangen i sauetalet har stoppa

Etter 2011 har fleire starta med sau i Aust-Agder.