Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kamp mot fattigdom

Det er ei viktig samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det finst menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Statsforvaltaren skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Statsforvaltaren fører tilsyn med korleis kommunane praktiserer sosialtenestelova. Vi skal bidra til å auke kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Statsforvaltaren skal mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Statsforvaltaren tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir


Utlysning av tilskuddsmidler for å styrke arbeidet mot barnefattigdom 2016

Formålet med ordningen er å bidra til å forebygge og redusere fattigdom
og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamilier.


Publisert 27.08.2015

Endring i rundskriv til sosialtenestelova

Arbeids- og velferdsdirektoratet har endra fire punkt i rundskriv 35 der sosialtenestelova vert tolka.


Publisert 13.05.2015

Barnefattigdom øker i Aust-Agder

Større andel fattige barn uten innvandrerbakgrunn enn andre fylker.


Publisert 23.12.2014

Veiledende retningslinjer for økonomisk stønad 2015

Statlige veiledende satser for økonomisk stønad til livsopphold gjeldende fra 1. januar 2015.


Publisert 20.11.2014

Tilskudd til arbeid mot barnefattigdom 2015


Publisert 20.11.2014

Utlysning av midler for 2015 - boligsosialt arbeid


Publisert 23.06.2014

Endringar i gjeldsordningslova og dekningslova

Ei ny forskrift samordnar livsopphaldssatsane for gjeldsordning og utleggstrekk.


Publisert 28.05.2014

Alle har krav på et botilbud

NAV-kontoret har plikt til å fremskaffe et midlertidig botilbud til den som ikke klarer det selv.