Verje og representant for barn og unge

Alle barn og unge skal ha verje fram til dei fyller 18 år. Foreldra er verjer dersom dei har foreldreansvaret for barnet.

Foreldre har som hovudregel felles foreldreansvar, om dei ikkje har avtalt at ein av dei skal ha foreldreansvaret aleine. Dette gjeld uavhengig av om barnet bur med ein av foreldra eller begge. Foreldre beheld i dei fleste tilfelle foreldreansvaret også når barnevernet overtek omsorga for barnet.

Skatteetaten sine nettsider kan ein bestille attest som viser om foreldreansvaret er felles eller om ein av foreldra har foreldreansvaret aleine.

Dersom eit barn er utan fungerande verje, skal Statsforvaltaren oppnemne verje. For einslege mindreårige asylsøkjarar vert det oppnemnd representant.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Jeaneth Bjørndal, fung. seksjonsleiar