Regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP)

Søknadsfrist:
15. oktober 2023 23.59
Målgruppe:
Bønder
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Føretak i jordbruket

Tilskota i Vestland omhandlar hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, klimarådgjeving og potet- og grønsaksproduksjon.

Publisert 25.09.2023

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke innan 15. oktober.

Søknadane blir handsama av kommunen, og Statsforvaltaren er klageinstans. Tilskotet vert utbetalt frå Landbruksdirektoratet til søkarane 14. mars 2024.

For nærare informasjon og søknadsskjema (elektronisk/papir), sjå temasida for RMP i Vestland: www.statsforvalteren.no/vl/rmp

Søknadsfrist:
15. oktober 2023 23.59
Målgruppe:
Bønder
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Føretak i jordbruket