Midlar til symjeopplæring i barnehage 2022

Søknadsfrist:
21. august 2022
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren v/Jannicke Haaland Haarr
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022
Illustrasjonsfoto (Pixabay).
Illustrasjonsfoto (Pixabay).

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje om tilskot for 2022. Vi ønskjer at kommunen sender søknadar frå barnehagar samla til Statsforvaltaren.

Publisert 11.01.2022

Tilskot

Statsforvaltaren i Vestland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Statsforvaltaren har fått tildelt kr. 8 469 000 som skal nyttast til formålet. Ein kan søkje om inntil kr 1 950,- pr. barn, for eitt kalenderår om gongen.

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid, og skal i hovudsak skje i basseng. Midlane kan også brukast til å dekke transportutgifter til og frå symjehall.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknad om tilskot

Vi ønskjer at kommunen tek i mot søknadar frå barnehagane, og sendar desse samla til Statsforvaltaren. Organisasjonar søkjer direkte til Statsforvaltaren. Søknadane blir behandla fortløpande. Søknadsfrist er 21. august 2022. Dei som fekk midlar i 2021, må ha levert rapport før nye midlar kan bli utbetalt.

Du finn søknadsskjema i høgremenyen.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2022 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av midlane.

Du finn rapporteringsskjema i høgremenyen.

Søknadsfrist:
21. august 2022
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren v/Jannicke Haaland Haarr
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022