Tilskot til truga arter

Søknadsfrist:
15. januar 2022 23.59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på prioriterte artar og deira økologiske funksjonsområde, jf.naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for artar 2021. 

Publisert 03.01.2022

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald
  • Tiltak som forbetrar biotopar
  • Restaurering
  • Konkrete tiltak for einskildartar, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak
  • Gjerding
  • Kartlegging og overvaking knytt til tiltak

Tilskotordninga omfatter òg tiltak som bidrar til å ta vare på økologiske funksjonsområde for prioriterte artar. 

Det kan òg bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av strømnett som kan få slike tilskot. I tillegg til tiltak, kan det bli gitt tilskot til naudsynt utstyr og informasjon om artene.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i det fylket søknaden gjeld. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Sakshandsaming

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan derfor bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.

Søknadsfrist:
15. januar 2022 23.59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren