Tilskot for truga naturtypar

Søknadsfrist:
15. januar 2022 23.59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og instutisjonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI, og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2018.

Publisert 03.01.2022

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald
  • Restaurering
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta til landbruksføretak
  • Gjerding
  • Kartleggjing og overvaking knytt til tiltak

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, naudsynt utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.

I 2022 vil tiltak i utvalde naturtypar og truga naturtypar der kunnskapsgrunnlaget er godt, bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.

Sakshandsaming

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan derfor bli heilt eller delvis avslått på grunn av manglande budsjettmidlar.

Søknadsfrist:
15. januar 2022 23.59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og instutisjonar
Ansvarlig:
Statsforvaltaren