Til skogeigarar i Etne og Kvinnherad kommunar: No er det tid for skog!

Det er over 20 år sidan det sist vart taksert skog i Etne og Kvinnherad kommunar. No vil vi starte opp eit prosjekt med mål om å kunne tilby alle skogeigarar nye skogbruksplanar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2021

Det er etablert et takstutval med representantar for skogeigarar i Etne og Kvinnherad kommunar som jobbar med prosjektet i lag med Statsforvaltaren og skogbruksansvarlege frå dei to kommunar.

Målet for prosjektet er å få taksert så mye som mogleg av skogen i de to kommunar samt at alle skogeigarar som ønskjer det, skal få tilbod om skogbruksplan for sin eigedom.

Informasjonsmøte

Det vert arrangert digitale og fysiske informasjonsmøte der prosjektet vert presentert og kor det vert høve til å få svar på spørsmål:

Digitalt møte på Teams

Opptak av møte onsdag 24.11 er tilgjengeleg på Youtube

Etne

Utsett pga Korona-smittesituasjonen. Vi kjem tilbake med ny dato.

Kvinnherad

Utsett pga Korona-smittesituasjonen. Vi kjem tilbake med ny dato.

Skogbrukssjefen i kommunen svarer gjerne på spørsmål:

Tinging av skogbruksplan

Staten gir 60 prosent tilskot til skogbruksplanar dersom det er høg nok oppslutnad i kommunen. Skogtakst og miljøregistreringar utanom dette prosjektet vil ikkje kunne få statstilskot. Er oppslutninga låg vil nokre område ikkje takast med i taksten.

For å sikre at din eigedom blir taksert må du melde di interesse til skogbrukssjefen i kommunen via telefon eller e-post. Du kan og nytte skjemaet som ligg under denne artikkelen for å melde di interesse for takst.

Skogeigarar som melder interesse får ei årleg oppdatering om prosjektet på e-post. Det kan gå opp til tre år frå prosjektstart til det blir sendt ut skogbruksplanar. Skogeigar vil bli bedt om å stadfest tinging av skogbruksplan før dei vert sende ut.

I område med mykje samanhengande skog og høg interesse for skogbruksplanar, vil det bli tilbod om overordna fellesplanar utan ekstra kostnad. Desse vil innhalda forslag til felles vegløysing og felles skogbrukstiltak. Meld gjerne ifrå om dette kan vere aktuelt i ditt område.

For å sikre at din eigedom blir med i taksten må du melde di interesse. Registrer din eigedom her:

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.