Meir trebruk i landbruksbygg engasjerer mange

Noko av det mest klimakloke ein bonde kan gjere, er å byggje gardsbygningar i tremateriale så kortreist som mogleg. Men har vi kompetente rådgjevarar, leverandørar og entreprenørar i Noreg som kan byggje med tre?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.09.2020

Tredrivarane frå Fylkesmannen i Vestland, Silva Consult AS på vegne av Tredrivernettverket, Kystskogbruket, Innovasjon Norge og Trefokus AS inviterte 8. september til webinar.

Heile 150 påmelde følgde dei to timane med presentasjonar. Representantar frå Norsk Landbruksrådgiving, Felleskjøpet, Innovasjon Norge, Riska sag, Innveno AS og Kystskogbruket gav ei rask innføring i ulike tema knytt til trebruk i bygg med landbruksføremål. Det er viktig og riktig å bruke meir tre i bygg, òg sidan varig binding av CO2 er eit stort bidrag til å nå klimamåla. Tre har sjølvsagt mange andre fordelar for bonden, mellom anna optimalt inneklima for både dyr og bonden. I tillegg er god dyrevelferd og det å ha eit enkelt materiale å jobbe med, positive eigenskapar som det vert vist til.

Er dette då så enkelt at det berre er å setje i gang? Vel, det er framleis ein del utfordringar, stadfester forelesarane frå rådgjevinga. I mindre grad gjeld det dei byggjetekniske utfordringane, det meste kan byggjast i tre i dag. Men vi manglar til dømes større grad av standardisering og dermed overførings- og tilpassingsevne av byggjeløysinga frå bygg til bygg. Oftast vert kvart fjøs eit spesielt bygg med eigne tilpassingar. Betongindustrien lagar ferdige element for landbruksbygg, og det må òg treindustrien kunne tilby i framtida. Vi treng òg totalentreprenørar som kan tilby heile pakka, ferdige løysingar frå start til sluttføring. Nokre få entreprenørar kan tilby dette allereie i dag.

Bygg må verte meir universelle, og bruken må kunne endrast når drifta vert ei anna. Å vere bonde av yrke er i dag ofte meir samansett enn før og gardsproduksjonar er i rask utvikling. Å investere i store bygg må gje fleksibilitet og sirkularitet i mykje større grad enn for berre ti år sidan. Og hugs, rådgjevinga må vere trebasert heilt frå starten om bonden ønskjer det. Å konvertere planar for eit betongbygg til tre seint i prosessen er ofte ikkje så enkelt.

Innovasjon Norge kan støtte trebyggingsprosjekt. Her er det berre å ta kontakt med regionale IN-kontor.

Det vart to intense webinartimar med presentasjonar, mange spørsmål og svar og gode diskusjonar.  Dette vart ein suksess som gjerne kan gjerast om att med nye tema knytt til «meir trebruk i landbruksbygg». Dette gav meirsmak.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.