Nytt utvalt kulturlandskap i Vestland?

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på verdiane i nokre av dei mest særeigne jordbrukslandskapa i landet. No er Fitjarøyane og øyane rundt Brandasund eit av områda som er aktuelle for å bli teke inn i utvalet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2021

Kva er Utvalde kulturlandskap i jordbruket?

Utvalde kulturlandskap dreier seg om natur, kultur og levebrød. Områda formidlar historie og gir oss opplevingar og verdiskaping. For å ta vare på desse nasjonale verdiane har landbruks-, miljø- og kulturminnestyresmaktene inngått eit frivillig samarbeid med grunneigarar og drivarar i områda som er med i ordninga.

Områda er valde fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Folka som bur og driv i desse områda tek vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift. Støtte frå styresmaktene skal medverke til at desse verdiane blir med oss inn i framtida.

Av 46 utvalde område i heile landet er no sju UKL-område i Vestland fylke med i satsinga:
Grinde og Engjasete i Sogndal kommune
Stadlandet i Stad kommune
Ormelid i Luster kommune
Lærdal i Lærdal kommune
Havrå i Osterøy kommune
Gjuvslandslia i Kvinnherad kommune
Ullensvang i Ullensvang kommune.


Fitjarøyane er kandidat til ordninga
Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren arbeider no med ei tilråding om kva nye område som kan komme med i ordninga. Eit av områda som er vurderte som interessante er Fitjarøyene og øyane rundt Brandasund, i kommunane Fitjar og Bømlo.

Øyane ligg nær Nordsjøen ved innløpet til Selbjørnsfjorden, nordvest for Stord. Ein del av øyane høyrer, slik namnet indikerer, til Fitjar kommune, men etter at fleire av øyane lengst vest fekk brusamband til Bømlo har Slåtterøy, Gisøy, Selsøy, Vikøy, Risøya, Røyrøya og Hisøy blitt del av Bømlo kommune (etter ny kommunedeling i 1995). Området består av eit mylder av låge, avlange øyar, holmar og skjer med grunner og sund imellom, med gjennomsnittleg høgd på 50–70 m.o.h. Fonno skil seg ut med høgste punkt på 145 m.o.h.

Øyane har store biologiske verdiar i form av kystlynghei og naturbeitemarker, og er eit av referanseområda for kystlynghei som utvald naturtype. Det er òg store areal der det er god skjøtsel og velhalde kulturlandskap. I tillegg er det mykje fugleliv i området.

Figur 1. Frå Brandasundsåta er det utsyn til det freda kulturmiljøet Slåtterøy fyr og kystlyngheiene rundt
Figur 1. Frå Brandasundsåta er det utsyn til det freda kulturmiljøet Slåtterøy fyr og kystlyngheiene rundt Foto: Trude Knagenhjelm.
Figur 2. Ingen tvil om kven som held naturbeitemarkene og lyngheiene vedlike.
Figur 2. Ingen tvil om kven som held naturbeitemarkene og lyngheiene vedlike. Foto: Trude Knagenhjelm.
Figur 3. Kystgardar med spennande historie og kulturmiljø gøymer seg mellom knausane.
Figur 3. Kystgardar med spennande historie og kulturmiljø gøymer seg mellom knausane. Foto: Øyvind Vatshelle.

Gøymt mellom dei nakne knausane ligg meir enn 60 kystgardar og husmannsplassar med små, oppdyrka jordbruksteigar. Mange av bruka har stor kulturhistorisk verdi. I dag er det fast busetnad på seks av øyane.

Tradisjonsrike skipsleier går mellom øyane grunna djupe sund som såleis utgjer trygge seglingsleier. Knytt til leia finn vi eit rikt tilfang av kulturminne med stor tidsdjupne som vitnar om den rike kulturhistoria i området. Her er steinalderbusetnad, gravrøyser, småbruk, torvmyrar, ventestader og sjøbruks- og naustmiljø. Ein av dei store marknadsplassane i Hordaland i mellomalderen, Torgjo, har truleg lege på Selsøya ved Brandasundet, medan Brandasund og Engesund fekk privilegium som handels- og gjestgjevarstad på 1600-talet.

Fiske har tradisjonelt vore den viktigaste næringa saman med småskala jordbruk med husdyrhald til eiga hushaldning. Frakt av Fitjarpotet med potetbåtane til Bergen var ei viktig tilleggsnæring. Med fiske som hovudnæring var det tenleg med spreidd busetnad, og samanlikna med i dag, var svært mange av øyane busette.

Godkjenning nye kandidatar
Det er fylka som fremjar forslag om nye kulturlandskap som kan vere interessante å ta med i utvalet. Forslaget frå fylka avheng av at både kommunen, grunneigarar og drivarar i området er positive og har eit ønske om å vere med i satsinga. Eit viktig prinsipp er at det er frivillig å bli eit utvalt kulturlandskap i jordbruket, og dette er no avklara etter at kommunestyra i både Bømlo og Fitjar støttar framlegget. Direktorata vurderer forslaga og sender si tilråding til departementa. Etter planen vil departementa godkjenne nye UKL-område hausten 2021.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.